Kameleonquilt nr 2 "..og jula varer heilt til påske"
52 x 52 cm (21''x 21'')
Denne quilten viser tre heilt forskjellige blomstermotiv avhengig av korleis
dei trekanta flippane er knappa. Der er to "etasjer" med trekant-flippar,
fire store øvst, og åtte mindre under.
Bileta under viser dei tre blomstermotiva.
På denne sida er ein animasjon som viser korleis dei tredimensjonale trekantane åpnar seg.
|
|
Her er dei fire store trekant-flippane knappa innover mot midten. Då ser vi berre
julestjerna.
|
|
No er dei fire store trekantane vippa utover og er knappa ute i kvart hjørne.
Då kjem våren til syne med krokusar og snøklokker.
Du kan sjå at dei åtte små trekant-flippane er knappa inn mot sentrum.
|
|
På dette bildet har dei åtte små trekantane og blitt vippa utover og er knappa
nær kanten på quilten. No har vi ei påskelilje i full blomst.
|
|
Dersom berre fire av dei små trekantane blir vippa utover får vi ei stjerneform
omkransa av lilla krokusar. Denne måten å knappe på brukar eg i advent.
|
Denne quilten vart opprinnelig laga som ei pute, men vil også gjere seg godt på
veggen.
Puta vann førstepremie i ein konkurranse som var utlyst i vekebladet "Familien"
i år 2000.
Premien var ein ti dagars tur til den internasjonale quiltefestivalen i Houston
i november same år, samt ein avstikkar til Lancaster County i Pennsylvania.
Eg hadde lenge ønskt å kunne reise dit, så eg var kjempeglad då eg vann denne turen.
Eg har også lage eit mønster
til denne quilten.
|